|
FLORA. Krisesenteret i Florø tilbyr kommunane i Sogn og Fjordane eit krisesentertilbod også for menn.

SIGURD LØSETH - www.firda.no tekst
Rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane har sett ned eit utval som skal komme med forslag til framtidig organisering av krisesentertilbodet i Sogn og Fjordane. Krisesenteret i Florø har no lagt fram sitt tilbod til kommunane.
- Dette er eit tilbød som fyller den nye lova som seier at kommunane skal ha eit likestilt krisesentertilbod til kvinner, born og menn. Tilbodet vårt til menn skal vere eit døgnope tilbod, og butilbodet skal vere eit husvære ein annan stad i Florø, seier dagleg leiar Wenche Hovland.
Rådmannsutval Rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane har nemnt opp ei arbeidsgruppe som skal komme med framlegg til organisering av krisesentertilbodet i fylket. I denne samanheng er Krisesenteret i Florø no på banen med ein 20 siders rapport der dei fortel kva Krisesenteret i Florø står for og kva dei kan tilby framover.
Kommunane er lovpålagde å ha eit krisesentertilbod, men dei står fritt til å bestemme om dei vil organisere tilbodet sjølv eller om dei vil kjøpe tenestene frå andre, til dømes ei stifting som Krisesenteret i Sogn og Fjordane, opplyser Hovland.
- Slik vi ser det, vil det vere vanskelegare og dyrare for kommunane a organisere eit eige opplegg. Krisesenteret i Sogn og Fjordane sit på god kompetanse og har mange års elfaring med krisessenterdrift, seier Hovland.
Først svar Stiftinga i Florø må ha svar frå kommunane før dei kan gå vidare med tilbodet.
- Vi vil begynne å jobbe med dette så snart vi har på plass ein samarbeidsavtale. Vi vil opprette ei ny stilling med ein mannleg tilsett, noko vi har lagt inn i budsjettet for 2011. Vi tek imot samtalar frå menn som ringjer dagtilbodet også i dag, men vi manglar butilbod, opplyser Hovland.
Behovet for krisesenter for menn er lite kjent. Men ei undersøking utført av Nasjonalt kompetansesenter for vald og traumatisk stress viser at menn har mindre behov for vern, men meir for samtalar og rågjeving.
- Fleire menn enn vi trur, kan ha behov for eit slikt tilbod. Så lenge alle veit at krisesentera er for kvinner, vil menn ikkje ta kontakt. Vi får nokre få telefonar i dag, men då mest frå menn som ringjer på vegner av kvinner som treng hjelp, seier Hovland.
Dagtilbod Når det gjeld dagtilbod, tilbyr Krisesenteret seg i Florø å innføre eit par kontordagar for månaden i Sogn og Nordfjord.
-Vi ønskjer å nå dei som ønskjer å nytte seg dagtilbodet vårt, men som bur for langt vekke, seier Wenche Hovland.
I Florø har senteret i dag 8,7 stillingar og skal flytte inn i nytt hus april 2011 der kapasiteten blir dobla.
Red. Anm: Demokratisk Solidaritet er glad for at dette skjer, - det er en av våre fanesaker, og har vært det siden starten av Demokratisk Solidaritet !
|