Hjem Media klipp Narkopolitikk til stryk

Google Search

Narkopolitikk til stryk PDF Skriv ut E-post

 

 

Firdaposten : Svend Arne Vee

Publisert 26.04.2010 kl 16:58 Oppdatert 26.04.2010 kl 16:58

«Ein lokal rusplan

blir først eit godt

verktøy den dagen

nasjonale planar

også er i takt

med verkelegheita.»

Den lokale fagekspertisen er uroa over utviklinga innan narkotikamisbruk i Flora kommune. Ifølgje nestleiar for NAV si avdeling for rus, psykiatri og sosialhjelp, Anita Steinset, er kommunen vår truleg den mest belasta i fylket. Det stiller oss overfor store utfordringar, ikkje minst når det gjeld å koordinere hjelpe- og førebyggingsarbeidet på ein måte der ein får effekt. Vi er samde med Steinset i at ein plan for korleis ein bekjempar problemet og samtidig hjelper dei som er råka, vil vere eit viktig verktøy. Likevel; om vi i Florø skulle kome opp med dei aller beste rusplanane, så vil mykje falle på steingrunn dersom den statlege politikken innan feltet ikkje snart byrjar vise teikn til nytenking.

Vi lever i eit land der talet på narkotikamisbrukarar har auka jamt og trutt sidan 1998. Ifølgje statistikkane var det i 1980 registrert 2000 narkotikalovbrot. I 2008 var talet 40.000. Denne skremmande utviklinga skjer samtidig som det offentlege Norge held fast på «ein nullvisjon» innan narkotikapolitikken, og praktiserer noko av dei tøffaste straffene i heile Europa. I vårt språk er visjonar noko ein skal strekkje seg etter å ha reell moglegheit for ein gong å oppnå. Dei fleste er vel samde i at så ikkje lenger er tilfelle innan problemet narkomani.

Dermed må ein sjå meir pragmatisk på det heile. Det første steget burde vere å avkriminalisere bruk av narkotika. Når spørjeundersøkingar viser at nesten halvparten av Oslo sin befolkning mellom 21 og 30 år har brukt narkotika, så betyr det at ein potensielt skulle kunne straffeforfølge og fengsle halve hovudstadens unge befolkning. Og langt på veg er det det vi held på med. Norske fengsel fløymer over av narkotikadømde, eller personar som er dømd for lovbrot knytt opp mot tjuveri, heleri og anna vinningskriminalitet som følgjer i kjølvatnet av kriminaliseringa av narkomisbruk. I fengsla blir dei godt «skolerte», og held fram sine kriminelle karrierer. Hadde vi evna å bruke pengane på behandling og førebygging, kunne stoda kanskje sett annleis ut. Det bør vere eit varsko når tidlegare høgstrettsdommar Ketil Lund kallar norsk narkotikapolitikk eit tragisk feilgrep og noko han sjølv er skamfull for å ha vore med på.

2 Kommentarer

Det gleder meg å se at fler og fler innser at det ville være et forferdelig tragisk feilgrep om man fortsatte dagens katastrofale politikk!
Nå må vi begynne å benytte oss av den kunnskap vi har og redde dagens unge fra denne fellen i vårt samfunn!

" Flott lederartikkel " seier Foreininga for human narkotikapolitikk om denne leiaren .
" Fornuften brer seg som ild i tørt gress. Vi må fortsette å blåse på flammene. " " Godt skrevet med mange gode poenger." ( Tilhengarar av foreininga)Terningskast 6 frå Herdis Seim, Demokratisk Solidaritet

Herdis Seim
torsdag 29. april kl 16
 
Annonsere her ? Ta kontakt !
Kopirett © 2010 Demokratisk Solidaritet. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Besøksteller

mod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_counter
mod_vvisit_counterI dag18
mod_vvisit_counterI går29
mod_vvisit_counterDenne uken266
mod_vvisit_counterDenne måneden161
mod_vvisit_counterTotalt11940