Hjem Media klipp Firdaposten : Fryktar for neste generasjon narkomane

Google Search

Firdaposten : Fryktar for neste generasjon narkomane PDF Skriv ut E-post
borre_mflere• Stadig fleire rusar seg

• Ulike grunnar til rusbruk

• Farlege stoff lettare tilgjengeleg

• Må jobbe meir førebyggande

• Treng alternativ til rus

• Vannvittig "slankedop"



DAG NESBØ FRØYEN  - Firdaposten - 07/01-2010

FLORØ: Narkomane Børre Bredesen synest det er skremmande at 10 menneske har mista livet knytt til rusbruk i Florø sidan 2000.
Han trur likevel ikkje dei neste ti åra blir lysare om ikkje offentlege prioriteringar blir betre og at førebyggande arbeid må vektleggast.

I romjula kunne vi lese i Firdaposten at i løpet av dei ti siste åra har det vøre ti overdose dødsfall i Florø.
Vi snakka med Børre Bredesen om dette.
Bredesen sel magasinet Magafon i Florø og har blitt eit andlet blant dei narkomane i Kystbyen.

Han har vore rusmisbrukar meir eller mindre heile livet. No har han fått større struktur i livet sitt sjølv om han slit med rus den dag i dag.

- Det livet eg har levd har påført meg symptom og nye sjukdommar, mellom anna langt framskriden kols. Det er ein vond spiral å komme ut av, men sjølv om eg slit med rus må eg respekterast og få lov å leve med verdigheit framfor å gå rundt å forklare meg beile tida, fortel han.

«Det er i dag jenter i puberteten som er

redde 'for å slutte med amfetamin' fordi

dei fryktar å legge på seg.

Dette er heilt vanvittig»

Børre Bredesen

Komplisert


- Kva meiner du er løysinga for å få bukt med det aukande talet rusavhengige?

- For det første er rusmisbruk uhyre komplisert å gå inn i. Eg vil ikkje kalle rusmisbruk ein sjukdom i og for seg, men sjukdom er noko rusmisbruket skapar over tid,
seier Bredesen.

Han starta si «ruskarriere» av nysgjerrigheit og sporar starten tilbake frå den gongen han var 12 år. Då han i 2003 fekk diagnosen ADHD ser han at det kanskje ikkje var tilfeldig. Med riktig behandling meiner han at han kunne vore skåna for eit liv med rus. Han skuldar likevel på ingen andre enn seg sjølv for dit han er komen.

- Kor tid eg dør av rus veit eg ikkje, men skaden rusen har påført meg vil koste livet mitt dyrt sjølv om eg då er blitt rusfri
, seier han.

Ulike grunnar


Rusbruk meiner han kan starte av ulike grunnar. Det er dei som han som starta av nysgjerrighet. Det er dei som nyttar rus som eit supplement til noko som manglar i livet. Det er dei som nyttar rus for å skugge over noko som har skjedd i livet, noko ein ikkje mentalt klarer å fikse, medan det er dei som eine og åleine rusar seg pa grunn av rusen det gir.

- Det finnast ikkje noko fasitsvar for korleis ein skal få bukt med rusmisbruk. Det er like mange løysingar som det er menneske på jord. Eg trur både rusomsorg og politikk kring området heng oss opp i «sanningar og fakta» som verkar på meg a vere meir eller mindre kvalifisert synsing
, slår Bredesen fast.

Rusfri eller uverdig

- Anten klarer du å bli rusfri eller så klarer du det ikkje. Gjer du det ikkje er det rett tilbake til det uverdige, seier han.

I det siktar han til stadige skippertak frå styresmaktene som skal trekke opp gruppa rusavhengige.

- Ein kan spørre seg om slike skippertak blir starta for å få rusavhengige ut av syne eller om dei er meint for å få folk rusfrie, poengterer han.

Han meiner mange i dag kjem for seint inn til behandling, medan det er dei som ikkje har utbytte av behandling i det heile.

Ingen generell kur

- Eg har vore kritisk til behandling då eg meiner det ikkje finn ein generell kur for dei som slit med rusproblem. Det er individuelle forhold heile vegen. Du har dei som er umuleg å forbetre og det er dei som aldri blir nøgde. Nokre av desse tek alle ressursane i rusomsorga, vedgår han.

- Korleis trur du rusmisbruk vil utvikle seg dei neste ti åra?

- Eg er redd for at eg er.veldig pessimistisk. I Europa i dag er det store nettverk og forsyningslinjer som driv med kriminalitet og narkotika. Det har ført til at nye og farlege stoff er i marknaden. Det blir lettare å få tak i og det er nok av dei som får tilbod om stoff på kreditt for å starte butikk, seier Bredesen.

Han vaktar seg for å vere desillusjonert kring kampen mot narkotika, men trur likevel kampen allereie er tapt.

- Syntetiske stoff, ecstasy, tablettar av kjemiske framstilte stoff og GHB som no er på full fart inn på marknaden gjer til at rus er blitt farlegare, seier han.

Forfengelege på dop

- At stoff er så «low life» ein kan tenke seg må fram i lyset.

Det er i dag jenter i puberteten som er redde for å slutte med amfetamin, då dei fryktar å legge på seg. Dette er heilt vanvittig. Det blir dessutan ei stadig større gruppe som brukar rus. Det er folk som rusar seg kvar helg som du aldri hadde trudd om eg hadde fortalt det til deg,
forklarar Bredesen.

Han fortel han er oppriktig uroa over den kommande generasjonen, og trur det er lite heldig at ungdom har meir pengar mellom hendene enn før.

Førebyggande

- Kva meiner du vi som lokalsamfunn kan gjere?

- For det første må vi prioritere rusomsorga riktig. Men framfor alt må vi jobbe førebyggande. Vi må få ungdommen til å få lyst på noko anna enn rus. I denne samanhengen trur eg det er viktig å få opp statusen ved å jobbe førebyggande, seier han.

Han fortel om ein gong då han sat på ein tung dom i Vik. Då hadde han eit foredrag for ungdommar der han snakka om rushistoria si.

- Eg trur ikkje det var mange av dei som høyrde på som var freista av eit liv med narkotika,
fortel han.

I eit større perspektiv meiner han ein debatt om rusbehandling er viktig.

- I dag er vanedannande medisin noko ein ikkje vil gi til narkomane. Då er svaret i røynda at det er meir ønskeleg at dei narkomane skal halde fram ein livsfarleg livsstil, seier han.

i dag er det også dei som kjøper stoff på internett. Dette vil Bredesen råde ifrå på det sterkaste.

- Vil du leike med livet er det langt tryggare å gå på plata, avsluttar han.

 
Annonsere her ? Ta kontakt !
Kopirett © 2010 Demokratisk Solidaritet. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Besøksteller

mod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_counter
mod_vvisit_counterI dag21
mod_vvisit_counterI går29
mod_vvisit_counterDenne uken269
mod_vvisit_counterDenne måneden164
mod_vvisit_counterTotalt11943