|
 Foto Olav Hatlemark Florakjøpmennene møtte mannsterkt som tilskodarar. Med handa oppe saksbehandlar Erling Jahn frå Flora kommune.
Sendte butikkølet til seminar
Sentrumsfolket i Flora må vente til april for å få ei endeleg avklaring om det blir øl i sentrumsbutikkane eller ikkje.
Firdaposten : Publisert 20.01.2009 - 17:05 Oppdatert 20.01.2009 - 18:01
Først må bystyret på kurs. Truleg vert dette arrangert i april. Knut Andor Nesse frå Frå Flora Demokratiske Solidaritet fekk støtte frå alle, minus dei tre representantane frå Høgre og Frp i Hovudutvalet for helse og sosial (HSU) tysdag, om at det skal innkallast til seminar om rus og alkoholspørsmål i god tid før det avgjerande bystyremøtet.
Provoserte
Høgres Jacob Nødseth skulda Ap og støttepartia for å mangle mot til å seie klart ifrå om partia støttar framlegge frå rådmannen om å ta ølet frå butikkane og lage eit kommunalt ølmonopol. Nødseth åtvara sterkt mot konsekvensane eit ølmonopol kan få for daglegvarebutikkane i sentrum og for omdømet til Flora som kommune.
Skuffa
Utvalsleiar Mona Ødegård Standal kritiserte H og Frp for å gjere heile saka berre til eit spørsmålet om næringspolitikk. Ho var skuffa fordi debatten ikkje kom til å dreie seg meir om noko anna enn tal og lite om dei forslaget om ølpol eigentleg dreiar seg om.
Nesse var saman med Venstres Hjørdis Nygård, den einaste som heilt klart flagga at dei ville støtte eit kommunalt ølmonopol.
Tilskodarar
Kjøpmennene i Flora møtte mannsterkt opp for å høyre på debatten. Fremst på tilskodarbenken sat Bjørn Hollevik frå Bunnpris og Rune Økland frå Combi, med saksbehandlaren frå Flora kommune, Erling Jahn i ryggen og Ole Johan Rønnekleiv og Oda Helgås frå Rema 1000 litt lenger bak.
|