Hjem Media klipp Firdaposten : -Ølmonopol betre for dei som slit

Google Search

Firdaposten : -Ølmonopol betre for dei som slit PDF Skriv ut E-post

butikkol_Knut_Andor_Nesse

Foto Dag Nesbø Frøyen
Knut Andor Nesse- Demokratisk Solidaritet i Flora.

-Ølmonopol betre for dei som slit


FLORØ: Bystyrerepresentant Knut Andor Nesse gjekk til val på å hjelpe dei svake i samfunnet. Han meiner å gjeninnføre eit ølpol vil vere eit steg på vegen.

 


Firdaposten: Av dag nesbø frøyen Publisert  15.01.2009 - 11:55 Oppdatert 15.01.2009 - 12:36

Knut Andor Nesse i Flora Demokratiske Solidaritet har sjølv kjent på kroppen freistinga frå alkoholen i butikkhyllene. Han gjekk hausten 2007 til val på eit program som skulle hjelpe dei svakaste i samfunnet og her under rusmisbrukarane. På dette feltet har han såleis større truverde enn resten av bystyret. Og han er klokkeklar i sitt syn.

-Å fjerne alkoholen ifrå matvarebutikkane vil vere å rekke dei svakaste ei hand, seier han.

Nesse fortel dei som ikkje har kontroll over alkoholen blir råka av at alkoholen finnast i alle butikkar. Det betyr det blir lettare for dei som slit å drikke igjen.


Alkoholen skrik til deg

-Er du alkoholikar står alkoholen og skrik til deg i butikkhyllene kvar gong du er på butikken for å handle deg mat. Dermed kan behovet for å handle mat vere steget til at ein hamnar på fylla ei veke i strekk, dette er noko eg har førstehands kjennskap til og det er ein uting, seier Nesse.

Han hadde gjerne sett at det var eit eige utsal ein måtte oppsøke for å få kjøpe alkohol i Florø.

At dette skal opprettast for kommunen å få fleire inntekter på er underordna målet om å få fjerna alkoholen frå butikkhyllene. Likevel meiner han ein institusjon som ettervernet hadde hatt behov for større støtte.

Ettervernet

Ideen med å kunne nytte inntekter frå ølsal i kommunal regi til utgifter rus påfører kommunen, ønskjer han såleis velkomen.

-Kan mitt arbeide i politikken redde ein person frå å hamne på fylla gjer eg det eg er vald for, seier Nesse.

Han meiner dessutan at det er naivt å ikkje sjå doblinga i ølkonsum i Flora dei siste 10 åra i samanheng med at alkohol er blitt lettare tilgjengeleg i denne tida.

-Eit ølpol gir ein vinn-vinn gevinst for Flora. Dei som slit vil kunne handle mat i fred sjølv om øl er tilgjengeleg for alle, og kommunane før inntekter av salet, avsluttar han.
 
Annonsere her ? Ta kontakt !
Kopirett © 2010 Demokratisk Solidaritet. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Besøksteller

mod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_counter
mod_vvisit_counterI dag20
mod_vvisit_counterI går29
mod_vvisit_counterDenne uken268
mod_vvisit_counterDenne måneden163
mod_vvisit_counterTotalt11942