Hjem Media klipp Firdaposten : Open nok dør for alle

Google Search

Firdaposten : Open nok dør for alle PDF Skriv ut E-post
samfunnshuset_grete_monsen
Foto Olav Hatlemark
VENTA LENGE: Grethe Monsen har venta i tretten år på ei dør som gjer det enkelt også for funksjonshemma å besøke storstova til Florø. I går fekk ho æra av å klippe snora for det nye inngangspartiet. 

Open nok dør for alle


– Fantastisk, sa funksjonshemma Grethe Monsen då ho klipte snora for den nye inngangen på Flora samfunnshus fredag.
Av OLAV HATLEMARK

Firdaposten: Publisert  31.10.2008 - 17:05 Oppdatert 31.10.2008 - 17:06

Ho smilte nesten like breitt som døra er blitt vidare og utan tersklar i Flora samfunnshus.

Monsen var den første tok opp kravet om universell utforming i Flora samfunnshus for tretten år sidan. I går fekk ho æra av å klippe snora for eit heilt nytt inngangsparti i storstova til Flora som markerer at dei funksjonshemma i byen kan gå ei ny tid i møte.

Mykje ventar
– Eg har no full tiltru til at alle nye bygg i Flora får universell utforming, sa Monsen. Og dermed god tilgang for alle funksjonshemma.

Med seg til å halde eine snorenden stod venninna Herdis Seim, like uthaldande i kampen for rørslehemma og andre svake grupper.

– No kjem dei seg inn døra. Det er på tide. Utfordringa vidare blir å få dei funksjonshemma ut i friluft og få bygt ut nettet med gang- og sykkelvegar, sa Seim, Ho innkasserte litt av æra og ein liten siger for si eiga politiske rørsle, Flora Demokratisk Solidaritet, der ho er nestleiar.

100 000 menneske

Kultursjef Edvin Helgheim orienterte før markeringa for den nye inngangsdøra som kvart år opnar for over 100 000 menneske.

– Planane har vore der lenge. Det tok si tid. Ein halv million kosta døra til slutt, opplyste Helgheim før han minte om det store arbeidet som ventar vidare.

– Dette var eit viktig lite steg. Resten står att. Det må rådmann, ordførar og forretningsstand ta, sa Helgheim.

Terskelhandling

Varaordførar Jan Henrik Nygård gratulerte frå kommunen. Han kalla seremonien ei viktig terskelhandling, og minte om at Flora har eit rådhus som er uframkommeleg for funksjonshemma. Då var Grethe Monsen der med ein gong.

– Rådhuset er eit vakkert bygg, for vakkert til å bli tukla for mykje med, meinte ho.

Fanfare

Så kom Ingvar Hopland med blomar, og Otto Søvig bles fanfare.

Tidlegare kulturhusleiar Anita Solbakken representerte fylkeskulturkontoret som hadde sponsa ein tredel av utgiftene.

Dessutan var Harry Røed spesielt invitert som ein av dei som var med og fekk bygt samfunnshuset for 30 år sidan.

Vaktmesterkompaniet har stått for arbeidet, sivilarkitekt Kjell Hareide har prosjektert det, og Jeiki Jegatheesan har vore prosjektleiar for kommunen.
 
Annonsere her ? Ta kontakt !
Kopirett © 2010 Demokratisk Solidaritet. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Besøksteller

mod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_counter
mod_vvisit_counterI dag20
mod_vvisit_counterI går29
mod_vvisit_counterDenne uken268
mod_vvisit_counterDenne måneden163
mod_vvisit_counterTotalt11943